Ytteroyane

Batterijakta 2019 - Frå 11. - 31. mars

Miljøagentene arrangerer "Batterijakten" frå 11. - 31. mars 2019. Batterijakta er ein klassekonkurranse for heile Noregs fjerdeklassingar, der elevane skal samle inn brukte batteri og levere dei til gjenvinning. Kampanjen skal bidra til eit større miljøengasjement i skule og lokalsamfunn, og er eit samarbeid mellom Miljøagentene, Clas Ohlson, Batteriretur og Varta. 

I Batterijakta skal elevane samle inn brukte batteri, og syte for at dei går til gjenvinning i staden for at dei hamner i søpla, eller endå verre - i naturen.