Seglbåt med jente

Biletserie for aktivitetar knytt til realfag i barnehagar og skular

Bilda er levert frå barnehagar og skular i kommunen og viser glimt frå aktivitetar gjennomført i 2015 - 2016 relatert til realfag.

Flora kommune blei utnemnd til realfagskommune av Kunnskapsdepartementet i 2015. Flora er også ein av dei kommunane som no har fått forlenging av perioden som realfagskommune ut 2017. Initiativet til å søke om denne statusen kom frå både politisk og administrativt hald, og også foreldre og næringsliv støttar opp om satsinga.

Vi får også hjelp frå både matematikk- og naturfagsenteret og frå Høgskulen i Sogn og Fjordane til å auke kompetansen til dei tilsette. Lærarane arbeider saman i nettverk på tvers av barnehagane og på tvers av skulane. Målet er at fleire av elevane skal klare seg godt gjennom skuleløpet og at vi skal få barn og unge med engasjement og lærelyst, også innanfor realfaga.