Kva er biologisk mangfald?

Daud vedDet finst utruleg mange artar; dyr, planter og mikroorganismar. Innanfor kvar art varierer arveanlegga mellom dei ulike individa.

I tillegg varierer miljøet, økosystema og dei økologiske prosessane som desse artana og organismane er ein del av. Biologisk mangfald er ei fellesemning for alle desse formene for variasjon.

Biologisk mangfald er altså:

  • Variasjon mellom artar
  • Variasjon mellom individ innan artar
  • Variasjon mellom økoystema artene lever i.

Les meir om biologisk mangfald på Miljøstatus i Norge.

 

Kvifor ta vare på biologisk mangfald
Mangfaldet i naturen representerer rikdom som næring og ressurs, som frodig mylder, som oppleving og undring, som råmateriale og medisinar og som klimaformer og jordsmonn. Naturen er grunnlaget for alt liv

Argumenta for bevaring av biologisk mangfaldkan ein dele i tre hovudgrupper:

  1. Økologiske grunnar – alt liv har ein funksjon i det økologiske samspelet
  2. Nyttegrunnar, økonomisk verdi. Artane er nyttige eller kan komme til nytte for mennesket.
  3. Etiske grunnar – naturen har ein eigenverdi.

 

Daud ved er viktig for det biologiske mangfaldet.
Frå Storevika ved Storevatnet, Norddalsvassdraget

Kommunen si rolle
Kommunane si rolle i forvaltninga av det biologiske mangfaldet er svært sentralt.
Det er summen av det lokale biologiske mangfaldet som utgjer det nasjonale og globale mangfaldet.
Gjennom arealdisponeringa etter plan- og bygningslova og anna særlovverk avgjer kommunen i praksis arealbruken, og dermed det biologiske innhaldet, for store delar av arealet i kommunen. Kommuneplanens arealdel kan sjåast på som sjølve grunnmuren i forvaltninga av det biologiske mangfaldet i kommunane.

 

 

Biologisk mangfald i Flora kommune
Flora kommune kartla i 1999 naturtypar som er viktige for det biologiske mangfaldet.
Kartlegginga vart utført i samsvar med DN handbok 13 1999. Med denne kartlegginga fekk ein registrert gamal og ny kunnskap om ein del av det biologiske mangfaldet i kommunen og systematisert det.


I 2000 fullførte Flora kommune viltkartlegging etter DN handbok 11 1996.

Det er utarbeidd fire temakart:

  1. Viktige og svært viktige viltområde
  2. Temakart Hjortevilt
  3. Temakart Småvilt
  4. Temakart Artar med sensitiv artsinformasjon (ikkje offentleg)

16 område er i Flora kommune verna etter Lov om naturvern.

3. april 2008