Ytteroyane

Brannfarleg vare

Ny forskrift om løyve til lagring av brannfarleg vare:

Følgjande forskrifter no er oppheva:
- forskrift 26. juni 2002 om brannfarlig vare
- forskrift 27. januar 2004 om brannfarlig og trykksatt stoff
- forskrift 9. mai 2000 om anlegg som leverer motordrivstoff (bensinstasjonar, marinaer mv.)
- forskrift 24. februar 2004 om transport av petroleum i rørledning over land.

Desse forskriftene vart erstatta av forskrift 8. juni 2009 nr 602 om håndtering av farlig stoff

Temarettleiingar:
Det er utarbeida nokre temaveiledningar til denne forskrifta. 
 
Tilsynsstyresmakt:
Av forskrift om håndtering av farlig stoff § 23 første ledd kjem det fram at kommunen skal føre tilsyn med at føresegna i denne forskrifta blir overhaldt. Av anna ledd går det fram at DSB åleine eller i samarbeid med kommunen fører tilsyn med verksemder som representerer ein betydeleg risiko eller der DSB ser det naudsynt for å ha oversyn over risiko knytta til ulykker.

I praksis inneber dette at kommunane er den primære tilsynsstyresmakt når det gjeld dei aller fleste anlegga som handterer farleg stoff. Unntak gjeld anlegg som etter § 17 er samtykkepliktige (dvs. storulykkeverksemder, verksemder som omlastar farleg stoff frå skip til skip, og verksemder som transporterer farleg stoff i røyrleidningar med driftstrykk over 16 bar).

Kategorisering av farleg stoff:
Stoffgruppene A-, B- og C-væske er oppheva ved forskrift om håndtering av farlig stoff 8. juni 2009.

Vedlegg 1 til forskrift om håndtering av farleg stoff angjev kriteria for klassifisering av farleg stoff slik dette skal gjerast i dag.

Gamle løyver går ut og det skal ikkje søkjast til kommuna om nye løyver.
forskrift 8. juni 2009 nr 602 om håndtering av farlig stoff vart gjort gjeldande, fall alle tidlegare gjevne løyve med heimel i dei no oppheva forskriftene bort, sjå § 26 tredje ledd.

Hovudregelen etter gjeldande regelverk er at det ikkje skal søkjast om løyve for oppbevaring, omtapping el. av farleg stoff. Følgjeleg skal ikkje kommunane lenger gje løyve til handtering av farleg stoff.

Eit unntak er gjort når det gjeld samtykkepliktige verksemder etter § 17 (dvs. storulykkeverksemder, verksemder som omlastar farleg stoff frå skip til skip, og verksemder som transporterer farleg stoff i røyrleidningar med driftstrykk over 16 bar). Desse skal innhente eit samtykke. I desse tilfella er det likevel DSB, ikkje kommunen, som skal handsame søknaden. Samtykkepliktige verksemder må òg vurderast etter forskrift 26. juni 2009 nr 855 om konsekvensutredninger. 

 
Korleis gå fram når du skal melde inn om lagring av farleg stoff:
Når ein privatperson eller ei verksemd oppbevarer farleg stoff over visse mengder, skal dette meldast til DSB via Altinn.

Kriteria for klassifisering av farleg stoff finst i vedlegg 1til forskrift om håndtering av farlig stoff:

Meldegrensene finst i vedlegg 2til forskrift om håndtering av farlig stoff:
 
Meldegrense for einskilde vanlege stoff er:


Meldegrenser brannfarleg stoff
Stoffgruppe
Mengde
Døme på stoff
Brannfarleg gass kategori 1 og 2
0,4 m3
LPG (propan, butan eller blandingar av desse)
Hydrogen
LNG (flytande naturgass)
Biogass
Acetylen
Brannfarleg væske kategori 1 og 2
6,0 m3
Metanol
Etanol
Bensin
Diesel og fyringsoljer
100,0 m3
Diesel, gassolje og lett fyringsolje
Giftig gass kategori 1, 2 og 3
0,4 m3
Klor
Ammoniakk
Svoveldioksid

 
Rettleiingsmateriale for korleis ein skal gå fram for å melde inn farleg stoff finst her 

Oppbevaring av farleg stoff:
I bueining kan det oppbevarast inntil 55 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 10 liter brannfarleg væske kategori 1 og 2, sjå forskrift om håndtering av farleg stoff § 6 første ledd.

I garasje, i utvendig bod, båthus eller liknande kan det for personleg bruk oppbevarast inntil 90 liter brannfarleg gass kategori 1 og 2 og inntil 50 liter brannfarleg væske kategori 1 og 2, sjå § 6 anna ledd.

I serveringsstad, i overnattingsstad og i forsamlingslokale er det ikkje tillat å oppbevare brannfarleg gass kategori 1 og 2, utan at særskilde tiltak er satt i verk, sjå § 6 tredje ledd.

Kva for særskilde tryggleikstiltak som må gjennomførast vil måtte vurderast i det einskilde tilfellet, med utgangspunkt i risikovurdering som skal utarbeidast. Døme på særskilde tiltak er oppbevaring av gass i nisje (sjå Temarettleiing om bruk av farlig stoff - del 1, Forbruksanlegg for flytende og gassformig brensel, pkt. 15.2.4.3). Eventuelle andre særskilte tiltak bør gje ein like god eller betre tryggleik enn den angjevne nisjeløysinga. Dette inneber i praksis at gassen i dei aller fleste serveringsstader, overnattingsstader og forsamlingslokale må oppbevarast ute, med fast røyropplegg til ymse forbruksapparat.

Kompetansekrav:
Forskrift om håndtering av farleg stoff krev at den som prosjekterer, konstruerer, produserer, installerer, driftar, endrar, reparerer, vedlikeheld eller kontrollerer utstyr og anlegg skal ha naudsynt kompetanse, sjå § 7 i forskrifta. Tilsvarande gjeld kvar og ein som handterer farleg stoff utover det som er berekna for personleg bruk.

I temarettleiingane under pkt. 7 vil ein finne meir om kva for eit nivå kompetansen for dei ulike aktørane bør liggje på for at ein kan seiast å inneha den naudsynte kompetansen.

Verksemdene skal kontrollere at tilsette har naudsynt kompetanse og gje opplæring slik at alle arbeidsoppgåver kan gjennomførast på ein sikker måte, både ved normal drift og ved unormale situasjonar. Opplæringa skal òg omfatte rutinar og forholdsregler ved uhell og ulykker.
Kontroll:
Ved konstruksjon, produksjon, installasjon, endring og reparasjon av utstyr og anlegg skal det gjennomførast kontroll for å kontrollere at utstyr og anlegg er føremålsteneleg og sikre, sjå forskrift 8. juni 2009 nr 602 om håndtering av farlig stoff § 9 første ledd.

Tilsvarande skal utstyr og anlegg underleggjast ein systematisk tilstandskontroll i driftsfasen. Kor ofte og kor omfattande den systematiske tilstandskontrollen må vere, må tilpassast utstyret og anlegget. DSB har i temarettleiingane pkt. 9 gjeve tilrådde kontrollintervall for ei rekkje utstyr og anlegg.

Den som skal kontrollere anlegget må ha naudsynt kompetanse etter § 7.

Nokre verksemder og anlegg er underlagt krav om kontroll utført av uavhengig kontrollinstans/verksemd (i forskrifta omtalt som uavhengig kontrollør). Dette gjeld:

- samtykkepliktige verksemder etter § 17,
- kjelar over ein viss storleik, sjå § 9 første ledd bokstav a)
- anlegg som åleine eller samankopla inneheld meir enn 400 liter giftig gass kategori 1, 2 eller 3 (t.d. klor, ammoniakk og svoveldioksid)
- gassanlegg for bruk av brannfarleg gass kategori 1 eller 2 (eks. LPG (propan, butan eller blandingar av desse), naturgass, hydrogen, acetylen mv.) tilknytt fast røyrnett med over- eller undergrunnstank, røyrsystem for distribusjon av gass, eller flaskebatteri.

Unnateke frå kravet om at kontrollen skal utførast av ein uavhengig kontrollinstans er når gassanlegg som nemnt over er tilknytt frittliggjande eine- eller fritidsbustad og kor trykket er maksimalt 100 mbar når gassen førast inn i bustaden. Slike anlegg skal kontrollerast av ein kompetent kontrollør, men det blir altså ikkje kravd at kontrolløren er ein uavhengig kontrollør.

Med uavhengig kontrollør meinar ein teknisk kontrollorgan, brukerinspektorat eller akkreditert inspeksjonsorgan.

På DSB si heimeside ligg ei liste over pre-kvalifiserte inspeksjonsorgan som er kompetente til å utføre kontrollar med forbruksanlegg (medrekna boliggassanlegg), flaskefyllanlegg, biogassanlegg og sentralgassanlegg i 2011

Frå og med 1. januar 2012 vil eit oversyn over akkrediterte inspeksjonsorgan vere å finne på Norsk akkreditering si heimeside.

Varsling av ulukker:
Verksemder skal med ein gong varsle DSB om større ulukker i samband med handtering av farleg stoff, sjå forskrift om håndtering av farlig stoff § 20 første ledd. Slik varsling bør skje telefonisk. Føremålet er å gje DSB nok kunnskap om hendinga til å kunne gje korrekt informasjon til det ålmenne folk, media, overordna styresmakt mv.

Innmelding av uhell:
Uhell og ulukker i samband med handtering av farleg stoff skal rapporterast til DSB. Slik rapportering skal no skje elektronisk, ikkje via skjemaet HR 113.