Båtar på hamna

Brot på hovudvassleidninga til Florø

Arbeidet venta ferdig ved midnatt

Det var i 1530-tida i ettermiddag at det vart slege hol på hovudvassleidninga til Florø, ved Rv 5 aust for Ragnarrud.
Teknisk Drift ved Reidulf Refsnes melder om at reparasjonen av hovudvassleidninga går som planlagt i kveld.
-Arbeidet er venta ferdig ved midnatt. Sjølv om det er brot på hovudvassleidninga til Florø er ingen utan vatn. Nokre abonnentar har redusert trykk i høgare områder.

Vassforsyninga skjer i kveld i hovudsak frå Høgdebassenga.