Båtar i havnebassenget

Brunsnigledugnad

No er våren snart her og det er ikkje lenge til brunsniglen kjem krypande fram. Takka barfrosten dei siste dagane, ligg forholda til rette for å gå i gang med ein skikkelig nedkjempingsdugnad. 

Flora kommune skal leggje til rette for koordinert bekjemping av brunsnigle i heile kommunen i løpet av våren og sommaren. 

For at ein slik dugnad skal ha effekt er det viktig at alle hageeigarar tek ansvar for sine uteområder, samtidig som kommunen sørgjer for bekjemping på kommunal grunn. Dei som ikkje har høve til sjølv å delta, oppmodar vi om å alliere seg med naboar eller andre. 

Vi har fått opplyst at det er brunsnigle på fylgjande stadar utanom Florø- og Brandsøylandet: Nedre Standal, Stavang, Askrova, Reksta og Eikefjord. Vi manglar opplysingar frå mange av distrikta i kommunen og ber om at observasjonar gjort på andre stadar vert innmeldt til miljørådgjevar på e-post: kajastandal.moen@flora.kommune.no eller telefon: 971 42 112.

I fyrste omgang treng vi oversikt over utbreiinga av snigle i kommunen. Meir informasjon om bekjempingsmetode vi skal bruke kjem etter kvart. I mellomtida kan ein lese seg opp på litt nyttig informasjon: