Skulestart Florø barneskole

Budsjettguide for 2019

Ein sterk økonomi er ein av føresetnadane for å kunne yte gode tenester og vere den sentrale utviklingsaktøren mellom Ålesund og Bergen. God økonomisk planlegging vil kunne bidra til dette. Kommunestyra i Vågsøy og Flora vedtek budsjett for 2019, og tilhøyrande økonomiplan. For å få eit godt grunnlag for Kinn kommune sitt første budsjett med økonomiplan vil det vere formålstenleg at kommunane nyttar like føresetnadar.

Difor har vi no utarbeidd ein budsjettguide som skal svare på dette. I vår budsjettguide for 2019 får du eit innblikk i følgjande:

  • Den økonomiske situasjonen i kommunane i dag
  • Skuggebudsjett for Kinn kommune
  • Utfordringar i den økonomiske planlegginga av Kinn kommune
  • Tilrådingar for kommunane sine budsjett for 2019

Les budsjettguiden med tilhøyrande dokument nedanfor: