Skulestart Florø barneskole

Bustadsosialt velferdsprogram

Flora kommune er ein av 5 pilotkommunar som er i gang med eit 5 –årig velferdsprogram (utviklingsprogram) på Bustadsosialt arbeidsfelt. Arbeidet vert støtta av Husbanken.
Bustadsosialt arbeidsfelt dekkjer bu- og tenestetilbod til ulike grupper som har vanskar med å kome inn eller vere på den ordinære bustadmarknaden.  

Bustadsosialt velferdsprogram er organisert på strategisk nivå, med rådmannen som programeigar. Programleiar er Tone Undertun.

Trekk ved dagens situasjon:

  • Fragmentert planlegging og gjennomføring
  • Tildeling av bustad per teneste - varierande fleksibilitet påverkar utnyttingsgrad
  • Få tomter for kommunale eininger – trong for fleksibel bruk av  bustadmasse

Mål for programarbeidet:

  • Heilskapleg planlegging og organisering
    • Bruke statlege og kommunale ordningar samordna
  • Områdesatsing:
    • Betre utnytting av eksisterande/evt. ny bustadmasse
    • Legge til rette for auka samarbeid med private aktørar, kommersielle og frivillige
    • Bruke samla ressursar og verkemiddel på meir effektiv måte enn foranalysas kartleggingar viser
  • Oppfølgingstenester
    • Styrke buoppfølging og oppfølging av bygg – utøve effektiv bustadforvaltning
    • Legge til rette for kommunale tenester i offentlege og private utleigebustader på tvers av nivå/etatar

Tilråding om utviklingsområder frå Norsk Institutt for By- og Regionforskning (NIBR);

1. Omdisponering av bustadmasse

  • Endringar i eksisterande bustadmasse
  • Sal av eksisterande bustadmasse
  • Omregulering av tomter

2. Forebyggande arbeid

  • Tidleg innsats – før problem eskalerer
  • Potensielt store gevinster/innsparingar

3. Betre gjennomstrømming

  • Forebyggande tiltak -> redusere pågang
  • Tiltak for å få folk over på privat leige-/ eigemarked
  • Styrke buoppfølging
  • Overgangsbustader - treningsbustader
  • Kompetanse   

Programmet er i gang med prioritering og planlegging av prosjekt som tilrådd i foranalysa.

Her kan du lese foranalyse utført av NIBR.