Båtar på hamna

Bustøtte

Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg støtteordning for deg som har låg inntekt og høge bukostnader. 
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtaka, men det er kommunen som behandlar søknadene og har all kontakt med deg som søkjar. 

Kan eg få bustøtte?

På nettsidene til Husbanken kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva slag grenser for inntekt som gjeld. 
Sjekk om du kan få bustøtte.

Korleis søkjer eg bustøtte?

Du kan søkje bustøtte elektronisk eller på papir. Søknadsfristen for bustøtte er den 14. kvar månad. Utbetalinga kjem omkring den 10. i månaden etter.

Søk bustøtte.

Papirsøknader skal du sende til Flora kommune v/ Informasjon og service, Markegata 51, 6900 Florø. 

Eg må melde frå om endringar:

Dersom du får samtykke om bustøtte, treng du ikkje søkje kvar månad. Men du må melde frå skriftleg til kommunen
•    dersom det skjer vesentlege endringar i inntekt og formue (då må du sende inn eige skjema)
•    dersom du/de flyttar til ein ny bustad (då må du også søkje på nytt)
•    dersom ein eller fleire personar flyttar inn eller ut av bustaden
•    dersom bukostnadene endrar seg
•    dersom ein i huslyden blir student

Melde frå om endringar.

Slik klager eg på vedtak om bustøtte

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker frå du fekk melding om vedtaket. I nokre høve må du fylle ut eit eige klageskjema. Klagen skal du sende til kommunen. 

Klage på vedtak om bustøtte.

Ønskjer du å søkje bustøtte for komande månader, må du sende inn ny søknad til kommunen.

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på Husbankens bustøttesider. Du kan også ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. 

Flora kommune v/ Informasjon og service, Markegata 51, 57756000.