Båtar på hamna

Generell informasjon

Byggesak

Avdeling for byggesak handsamar byggesøknadar og tiltak som krev ansvarsett, og kan rettleie deg i søknadsprosessen. Informasjon og service handsamar søknadar utan krav om ansvarsrett. Begrepa ansvarsrett og tiltak kan du lese meir om nedst på sida.

Kva kan du byggje utan å søkje?

Det er ei rekkje mindre tiltak som kan byggast utan at ein trenger å søkje. Dette kan du lese meir om på følgjande stader:

Timebestilling

Om du ønskjer ein førehandskonferanse med ein sakshandsamar kan du ringe Informasjon og service og bestille time, eller bestille ein telefonkonferanse. Våre sakshandsamarar rullerar på kva dagar dei er tilgjengeleg for publikum, og dei er ledige kvar dag mellom kl. 12:30 – 15:30.

Dei tilsette på byggesak er:

Korleis søkje

Dersom du søkjer elektronisk nyttar du ByggSøk. Vi har også papirskjema du kan nytte dersom du ikkje ønskjer å søkje elektronisk. Desse finn du i høgre meny, eller hjå Informasjon og service. Søkjer du på papir blir det eit tillegg i gebyr for handsaming på 50%.

Til alle byggesøknadar må du levere inn eit situasjonskart i skala 1:500, som syner kvar tiltaket skal utførast på eigedomen. Dette kan du skrive ut via vårt kartportal, eller få hjelp av Informasjon og service.

I tillegg treng du ei naboliste slik at du får ei oversikt på naboar som må varslast. Kontakt Informasjon og service på telefon 57756000 eller e-post infosenter@flora.kommune.no og få den tilsendt. Hugs å opplyse om gards- og bruksnummer eller adresse tiltaket skal utførast på.

Klage på vedtak

Dersom du ønskjer å klage på vedtak gjeve i plan- eller bygningssak kan du nytte vårt elektroniske skjema for klagesaker:

Kva er ansvarsrett?

Ansvarsrett er en rett til å kunne ta på seg bestemte oppgåver i nokon tiltak som krev tillatelse etter plan- og bygningslova. Tiltakshavar (byggherren) må syte for å ha bestemte fagfolk til å stå ansvarlege for byggearbeid som er av ein viss størrelse. Dette er arbeid der lova krev ein søknad om «tillatelse til tiltak» som også skal innehalde ein søknad om ansvarsrett.

Kva er eit tiltak?

Slik definerer Plan- og bygningslova eit tiltak (§1-6):

«Med tiltak etter loven menes oppføring, riving, endring, herunder fasadeendringer, endret bruk og andre tiltak knyttet til bygninger, konstruksjoner og anlegg, samt terrenginngrep og opprettelse og endring av eiendom, jf. § 20–1 første ledd bokstav a til m. Som tiltak regnes også annen virksomhet og endring av arealbruk som vil være i strid med arealformål, planbestemmelser og hensynssoner.»

Sjå også Plan- og bygningslova kapittel 29.