Ytterøyane fyr

Byggeskikkprisen 2017

Flora kommune sin byggeskikkpris for 2017 skal delast ut 17. mai.

Prisen skal gå til den byggherre, arkitekt eller byggmeister som ved nybygging, ombygging, påbygg eller restaurering har vist god byggskikk i kommunen. Prisen kan gjevast for arbeid som er utført siste 5-års periode.

Juryen inviterer innbyggarane i kommunen til å kome med forslag til kandidatar, gjerne med ein kort grunngjeving.

Forslag må vere levert til juryen innan 02.05.2017. Send forslag til Flora kommune, Plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø, eller per e-post til postmottak@flora.kommune.no.