Skulestart Florø barneskole

Byggeskikkprisen

Flora kommune har etablert ein byggeskikkpris som vert utdelt på 17. mai kvart år.

Prisen skal gå til den byggherre, arkitekt eller byggmeister som ved nybygging, ombygging, påbygging eller restaurering har vist god byggeskikk i kommunen.

Prisen kan gjevast for arbeid som er utført i siste 5-års periode. Juryen inviterer innbyggarane i kommunen til å kome med forslag til kandidatar, gjerne med ei kort grunngjeving.

Nærmare opplysningar kan ein få ved å ta kontakt med reguleringsavdelinga (Plan og samfunn).

Skriftlege forslag må vere levert juryen innan mai kvart år og skal adresserast til:

Flora kommune, Plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø

 

Krokane BarnehageVinnaren av byggeskikkprisen 2007 var Krokane barnehage (biletet) teikna av arkitekt Kjell Hareide.