Båtar i havnebassenget

Byggeskikksprisen 2018

Flora kommune sin byggeskikkpris for 2018 skal delast ut 17. mai.

Prisen skal gå til den byggherre, arkitekt eller byggmeister som ved nybygging, ombygging, påbygg eller restaurering har vist god byggskikk i kommunen. Prisen kan gjevast for arbeid som er utført siste 5-års periode.

Juryen inviterer deg til å kome med forslag til kandidatar, gjerne med ein kort grunngjeving!
 
Forslag må du levere til juryen innan 03.05.2018. Send forslag til per brev til Flora kommune, plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø, eller per e-post til postmottak@flora.kommune.no.