hamnebasseng langt

Økonomisk sosialhjelp

Kontakt NAV Flora

Gjennom livet vil ein kunne kome i situasjonar der ein treng økonomisk hjelp frå det offentlege. Det kan vere økonomiske ytingar frå kommunen, råd og rettleiing i vanskelege økonomiske tider, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter. 

Tolketeneste:
Har du problem med å forstå norsk? NAV kan bestille tolketeneste ved timebestilling.

Økonomisk stønad

Økonomisk sosialhjelp er ei mellombels inntekt. Målet med stønaden er at du så raskt som mogleg skal kunne klare deg sjølv.

Før du kan få stønad må du vurdere alle andre moglegheiter til å forsørgje deg sjølv.

NAV vurderer situasjonen din individuelt. Det vil seie kva behov du har for rettleiing og oppfølging og kor mykje du kan få i støtte.