Skulestart Florø barneskole

Renovasjonsordning for Øyane og Årebrot

Innsamlinga skjer ein gong kvar veke, sjå tabell under
Innsamlingsordninga gjeld vanleg forbruksavfall frå hushald. Det må ikkje leverast gift og miljøfarleg avfall og heller ikkje flytande avfall, varm oske, etsande, skplosivt eller sjølvtennande avfall.

Det vert utlevert plastsekkar, merka med FLORA KOMMUNE, som skal nyttast til føremålet.

Berre dei utleverte sekkane kan brukast som renovasjonssekkar. Vekta må ikkje overstige 15 kg pr. sekk; jfr. vedtektene, § 12.Sekkane må vere forsvarleg attbundne, med muleband. Sekkane skal framsetjast til nærmaste offentlege veg, for henting innsamlingsdagen, seinast til oppgitt tidspunkt

 Utlevering av sekkar skjer ein (1) gong årleg (april). Det vert utlevert 2 rullar à 26 sekkar til kvar husstand. Husstander som kompesterer - mot - kontrakt- vil få utlevert 1 rull à 26 sekker merka: "VI KOMPOSTERER".Ved behov for fleire sekkar kan det kjøpast tilleggsabonnement. Hytteabonnentar får utlevert 1 rull med 26 sekkar annan kvart år, med unntak for Færøykavlen, Søre Nekkøy og Kinn der abbonenten legg avfallet embalert direkte i container på kaia.

 Ved behov for fleire sekkar kan det kjøpast ekstrasekkar.
 

Renovasjonsrute
Stad: Tid: Ansvarleg: Telefon nr.:
Færøykavlen: onsdag frå kl. 07.00 Oddvar Færøyvik * tlf. 90 98 54 14
Søre Nekkøy: onsdag frå kl. 07.00 Patricia Nekkøy * tlf. 57 74 12 07
Kinn: onsdag frå kl. 07.00    
Rognaldsvåg: onsdag frå kl. 07.00 Lars Erik Reksten tlf. 97 16 43 86
Skorpa: tysdag frå kl. 15.00 Lars Erik Reksten tlf. 97 16 43 86
Fanøy: tysdag frå kl. 07.00 Lars Thomas Ulriksen tlf. 95 80 77 81
Hovden: tysdag frå kl. 13.00 Firda Billag tlf. 57 72 57 74
Årebrot: onsdag frå kl. 07.00 Årebrot Sag tlf. 90 52 11 09
Svanøy: måndag frå kl. 19.00 Tore Myklebust tlf. 90 87 27 66
Askrova: måndag frå kl. 19.00 Arild Vallestad tlf. 90 50 45 95
Nærøya: onsdag frå kl. 07:00    

  *) Desse er berre kontaktpersonar, ikkje renovatørar. Abonnentane leverer avfallet sitt direkte til containaren på kaia.

Papiravfall vert samla inn i eigne utleverte papirsekkar (12 stk. pr. år). Innsamlinga skjer 1. hentedag/båtdag i månaden.

Grovavfall vert samla inn etter kunngjering i lokalavisa. Det er forbruksavfall frå hushaldet, som på grunn av form og storleik ikkje kan plasserast i renovasjonssekken. Det vert ikkje medteke bygnings- og rivingsavfall, hageavfall, delar frå motorkjøyretøy, eller avfall frå næringsverksemd. Elektriske/elektroniske apparat (EE-avfall) skal leverast tilbake til forretningar som forhandlar slike produkt.
Spesialavfall blir henta med ambulerande konteiner, sjå tabell under. Viser elles til informasjon som er oppslått på spesialavfallskonteinaren.

Glas- og metallemballasje skal leverast på konteinarar som vil sirkulere mellom øyane - sjå tabell under.

Oversikt innsamling glas og metall
Innsamlingsrute Glas-/ metallemballasje Spesialavfall 2016
Færøykavlen: Heile året Veke 16 - 36
Søre Nekkøy: Heile året Veke 17 - 37
Kinn: Heile året Veke 18 - 38
Rognaldsvåg: Heile året Veke 19 - 39
Skorpa: Heile året Veke 20 - 40
Fanøy: Heile året Veke 21 - 41
Hovden: Heile året Veke 22 - 42
Årebrot: Heile året Veke 23 - 43
Svanøy: Heile året Veke 24 - 44
Askrova: Heile året Veke 25 - 45
Nærøya: Heile året Veke 26 - 46

NB ! Ruteendringar p.g.a helligdagar, vil verte annonsert i Firdaposten.