Seglbåt med jente

Offentleg ettersyn: Framlegg til forvaltningsplan for Ålfotbreen

Forvaltningsplan for Ålfotbreen landskapsvernområde skal vere eit hjelpemiddel for forvaltninga for å få ei konsekvent og rettferdig sakshandsaming. Det skal og vere eit hjelpemiddel for brukarar, grunneigarar og andre som vi ha ein innblikk i forvaltninga.

Forvaltningsplanen er no fagleg godkjent for høyring av Miljødirektoratet. Den vert derfor no lagt ut på høyring, og alle som har rettar eller interesser i Ålfotbreen landskapsvernområde kan kome med innspel på forvaltningsplanen.

Planen finn de her:

  • Framlegg til forvaltningsplan for Ålfotbreen landskapsvernområde
  • Høyringsbrev - Framlegg til forvaltningsplan 

Dersom de vil ha papirkopi kan de enten hente hjå kommunen eller kontakte verneområdeforvaltaren.

Det vil verte arrangert to bygdemøter i samband med høyringa. Desse vil finne stad:

Hyen, tysdag 4. november, kl 20.00, Hyen Samfunnshus.
Svelgen, torsdag 13. november, kl 19.30, Svelgen Hotell.
 

Frist for å sende inn høyringsfråsegn er 15. desember 2014.

PS: Det er sendt ut høyringsbrev i post og per e-post til grunneigarar og andre høyringspartar. Men alle som har interesse av det kan kome med innspel i høyringa, også dei som ikkje har fått høyringsbrev. Ta i so fall kontakt med verneområdeforvaltaren.