hamnebasseng langt

Oppstart av planarbeid: Øyra i Norddalsfjorden

iVest logo_rådgjevande_ingeniørar_og_arkitektar.png

I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen § 12-8, vert det varsla om oppstart av planarbeid etter § 12-3 – privat forslag til detaljregulering. Aktuelt planområde er gbnr 76/3, 76/2, m.fl, på Øyra i Norddalsfjorden. Hovudføremålet med planarbeidet er tilrettelegging for etablering av hytte til turisme/fritidsføremål med vegtilkomst, og frådeling av 2 hyttetomter til privat føremål/utleige innanfor område avsett til utbyggingsføremål.

Aktuelt område er i gjeldande kommuneplan avsett til Fritids- og turistformål med krav om regulering av området før utbygging, samt LNFR området knytt til landbruk og LNFR areal for spredt bolig- fritids- eller næringsbebyggelse. I vatn er området avsett som Bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande strandsone.

Oppstartsmøte med Flora kommune vart halde 18.12.2018, der kommunen tilrår oppstart av plan. Tema som er ønska særskild utgreia er landskap og estetikk, då med særleg fokus på god landskapstilpassing av tiltak, verna vassdrag/strandsone, VA-løysing, klimaendring og flaum, samfunnstryggleik og beredskap mm.

Planlagt tiltak samsvarar i hovudsak med overordna plan, og er vurdert å ikkje utløyse krav om konsekvensutgreiing. Varsla planområde er ca. 38 daa og kan bli justert i planprosessen.

Dokumenta ligg til offentleg gjennomsyn på iVest Consult sine nettside www.ivestconsult.no, og på informasjon og service.

Dei som har innspel, merknader eller spørsmål til planarbeidet kan vende seg til iVest Consult as, innan 27.02.2019. Adr: Strandgata 15, 6905 Florø. Epost: post@ivestconsult.no. Tlf. 97627000/ 95741102. Naboar/Partar er tilskrive med eige brev.

Dokument