Skulestart Florø barneskole

Årsrekneskap 2018 - Eit krevjande år for Flora kommune

2018 vart eit krevjande år for Flora kommune.

Drifta av tenestene kom ut med eit samla meirforbruk på om lag 23 millionar kroner. Størst var utfordringa innanfor omsorgssektoren med eit meirforbruk på 14,7 millionar kroner og tenesta Barn og unge med eit meirforbruk på 4,8 millionar kroner.

Samla meirforbruk i drift vert redusert som følgje av bruk av havbruksfondsmidlar, samt høgare skatt og rammetilskot og lågare utgifter på rente og avdrag enn vi hadde budsjettert med. Kommunen hadde også eit mindreforbruk på løn med 2,6 millionar kroner, i hovudsak som følgje av eit moderat lønsoppgjer. Fleire tilsette fekk ei lønsauke under gjennomsnittleg pris- og lønsvekst, som følgje av lønsharmonisering inn mot opprettinga av nye Kinn kommune.

Kommunen sin driftsrekneskap er gjort opp i balanse. Samla avsetting til disposisjonsfond vert på om lag 10 millionar kroner. Kommunen sitt disposisjonsfond vert etter det på nærare 36 millionar kroner.

VA-sektoren (vatn og avlaup) gjekk med eit underskot på 6,3 millionar kroner. VA-sektoren gjekk med underskot også i 2016 og 2017. Samla underskot er no 16 millionar kroner. Underskotet er dekka med bruk av kommunen sitt bufferfond. Lånet frå kommunen sitt bufferfond må betalast tilbake via drifta av VA-sektoren innan 3 - 5 år. Bystyret har tidligare vedteke at sektoren skal være sjølvfinansiert.

Formannskapet vil få oversendt ei skriftleg orientering om årsrekneskapen. I tillegg vil formannskapet verte nærare orientert i møte 19. mars 2019.