Båtar på hamna

Dagtilbod for dei eldre

Dagtilbodet for eldre i Florø og omegn har lokale på Flora Omsorgssenter, og vert organisert av heimetenesta for Florø vest.

Dagtilbodet for eldre i Eikefjord og omegn er lokalisert til Allhuset i Eikefjord og vert organisert av heimetenesta i Eikefjord.

Begge dagtilboda er opne alle vekedagar. Dagtilbodet i Florø har i tillegg kveldsope 2 dagar kvar veke.

Aktivitetar på dagtilbod er mellom anna bingo, trim, sanggrupper, handarbeid, hagearbeid og turar.