Båtar på hamna

Den internasjonale strandryddedagen - 16. september

Kystlotteriet
Kystlotteriet

Laurdag 16. september er den internasjonale strandryddedagen. Bli med og rydde - du kan vinne fine premiar!

Kystlotteriet vart starta av Naturvernforbundet i Østfold som ein pilot på strandryddedagen 2016 i Fredrikstad og Hvaler. Det er eit samarbeid mellom kommunar, renovasjonsselskap, regionalt og nasjonalt næringsliv og lokalbefolkning som ynskjer å rydde kystlinja for marin forsøpling og gje det ny verdi gjennom premiering. Frå og med 16. september, som er den internasjonale strandryddedagen, skal Sogn og Fjordane også vere med. Per dags dato er 18 kommunar med, frå Flekkefjord til Halden. Andre kommunar er på veg. Når 23 kommunar i Sogn og Fjordane no vert med vert talet på kommunar dobla!

Strandrydding i Flora

I Flora kan du hente sekkar og lodd, og levere oppfylte sekkar ved alle Nærbutikkane i kommunen og ved SAR. I tillegg kan du hente sekkar og lodd på informasjon og service (tenestetorget) på Flora samfunnshus og på Fjordkysten/turistkontoret. Det står også konteinar for levering på Fugleskjærskaia, der er det ein postkasse du kan legge loddet i.

Oppdatert: Du kan få utlevert storsekk ved å kontakte Kaja Standal Moen på e-post kajastandal.moen@flora.kommune.no eller på telefon 971 42 112.

Meir info finnast på kystlotteriet.no. Her finn du også informasjon om premiar.

Regionale premiar

I slutten av oktober vert det lokal trekning av regionale premiar. Den nasjonale trekninga der ein kan vinne premiar frå heile landet vil finne stad den 15. november. Alle lodd er med i begge trekningane.

For dei som ynskjer å bidra med nasjonale premiar kan ein kontakte Sten Helberg i Naturvernforbundet Østfold direkte, for å bidra med lokal premiar kan ein kontakte miljørådgjevar i kommunen Kaja Standal Moen på e-post: kajastandal.moen@flora.kommune.no eller på telefon 971 42 112.

I vår vart det gjort ein imponerande innsats på mange stader i kommunen. Tilsaman 25 konteinarar er blitt levert i løp av våren og sommaren! Her er ein smakebit frå strandryddedugnaden Stavøy grendelag hadde (Fjerna).

Fjordkysten Friluftsråd

I januar i år vart Fjordkysten Friluftsråd stifta. Friluftsrådet omfattar kommunane Solund, Askvoll og Flora og skal jobbe med tilrettelegging for friluftsliv i det tre kommunane.

Ei viktig oppgåve for friluftsrådet er å jobbe med marin forsøpling. I samband med dette vart det søkt om midlar til opprydding av marin forsøpling frå Miljødirektoratet i vår og i juli vart det klart at Fjordkysten Friluftsråd var tildelt 900.000 kroner. Ein del av desse pengane skal gå til organisering av dugnadar og registrering av avfall.  

Les meir om ordninga og korleis ditt lag eller din organisasjon kan få tilskot her.