Båtar på hamna

Drikkevatn

Gut som drikk vatn frå eit glas.Kommunale vassverk
Som vassforbrukar i Flora kommune får du levert vatn frå Florø, Eikefjord eller Svanøy vassverk, om du ikkje har privat vassforsyning frå eigen brønn eller liknande.

Florø vassverk har inntak og magasin i Sagavatnet på nordsida av Norddalsfjorden. Sagavatnet ligg på kote 357 m.o.h. og har eit areal på 0,3 km². Nedslagsfeltet til Sagavatnet er 5,1 km2. Inntak i Sagavatnet er på 20 m djupne.

Florø vassverk forsyner ca 8550 personar. Vassforbruk på Florø vassverk var i år 2006 på 1.736.953 m3. Det kommunale leidningsnettet er på ca 80.000 m.

Florø vassverk har 4 stk. høgdebasseng med total kapasitet 8600 m3.

Vassbehandlingsanlegget består av pumper, silanlegg, UV-anlegg (desinfisering av vatnet), og pH justering. Det er montert naudstrømsaggregat på vassbehandlings-anlegget som koplar automatisk inn i tilfelle straumbrot.

Eikefjord vassverk har inntak og magasin i Vassbotnvatnet ca 2,5 km nordvest for Eikefjord sentrum. Vassbotnvatnet ligg 471 m.o.h. og har eit areal på 0,1 km². Nedslagsfeltet til Vassbotnvatnet er 1,1 km2. Inntak i Vassbotnvatnet er på 7 m djupne.Eikefjord vassverk forsyner ca 440 personar. Vassforbruk på Eikefjord vassverk var i år 2006 på 97.694 m3. Det kommunale leidningsnettet er på ca 8450 m.

Vassbehandlingsanlegget består av silanlegg og UV-anlegg (desinfisering av vatnet).Det er montert naudstrømsaggregat på vassbehandlingsanlegget som koplar automatisk inn i tilfelle straumbrot. Vassverket har ikkje høgdebasseng, men dette er tiltak som er høgt prioritert i hovudplan vassforsyning.

Svanøy vassverk har inntak og magasin i Sagevatnet. Sagevatnet ligg på kote 6 m.o.h. og har eit areal på 0,2 km². Nedslagsfeltet til Sagevatnet er 2,0 km2.   Inntak i Sagevatnet er på 20 m djupne.

Svanøy vassverk forsyner ca 80 personar. Vassforbruk på Svanøy vassverk var i år 2006 på 16.910 m3. Det kommunale leidningsnettet er på ca 4.800 m.

Svanøy vassverk har 1 stk. høgdebasseng på 500 m3.Vassbehandlingsanlegget består av pumper, silanlegg og UV-anlegg (desinfisering av vatnet).

Overvaking av drikkevasskvaliteten
Drikkevassforskrifta set spesifikke krav til drikkvasskvaliteten. Vassverkseigar skal sørgje for å overvake at vannet som vert levert tilfredstiller krava. Det vert tatt vassprøvar av vatn levert frå dei kommunale vassverka etter ein fastsett prøveplan.Vassprøvane vert analyserast ved godkjent laboratorium. Analyseresultata vert vurdert i forhold til drikkevassforskrifta sine krav. Det er etablert rutinar for å handtere ein eventuell situasjon som måtte oppstå der drikkevasskvaliteten viser seg ikkje å vere tilfredsstillande.

Dersom du har privat anlegg kan du få hjelp til analyse hjå SunnLab.

Arbeid på eksisterande kommunalt vannledningsnett
Før det kan utførast arbeid på eksisterande kommunal vassleidningsnett må det sendast inn røyrleggarmelding til teknisk drift og prosjektleiing.

Private stikkledningar
Det vert rekna som privat stikkleidning til og med tilknyting på kommunal leidning. Det er eigar som har ansvaret for vedlikehald og drift av privat stikkleidning. Har du behov for gå over annan grunneigar sin eigedom for å knytte deg på kommunal leidning krev dette skriftleg løyve frå vedkommande grunneigar. Slikt løyve bør tinglysast.

Leidningskartverk
Kommunen har digitale kart over nesten alle kommunale vass- og avløpsleidningar. Har du spørsmål angåande leidningskart, ta kontakt med teknisk drift og prosjektleiing i Flora kommune. Leidningskartverket er også tilgjengeleg gjennom kommunens kartportal på internett.

Hagevatning
I tørre, varme periodar kan det oppstå problem med kapasiteten i leidningsnettet. Dette kan føre til leveringsproblem (lavt trykk) i høgareliggande områder. Kommunen vil i slike tilfeller kunne innføre restriksjonar på hagevatning. Dette vil bli kunngjort i lokalpresse og på kommunen si nettside.

Gebyr ved tilknyting til kommunal vassforsyning
Ved tilknyting til kommunal vassforsyning skal det betalast tilknytingsgebyr og årsgebyr.