Båtar på hamna

Eigedomsskatt

Hatlesetnipa[ 1]

Flora bystyre har vedteke at det skal skrivast ut eigedomsskatt i Flora kommune.

Eigedomsskatten er fullt ut ein kommunal skatt. Den vert skriven ut på faste eigedomar. Til faste eigedomar vert rekna bygningar og tomt som høyrer til, huslause grunnstykke som hagar, løkker, vassfall, laste-, opplags- eller arbeidstomter og likeins verk og bruk.

Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og der alle skatteinntektene tilfell kommunen. Eigedomsskatten vert brukt til å finansiere dei kommunale tenestene. Den vert kravd inn fire gonger i året saman med dei kommunale eigedomsgebyra.

Verdien på eigedomen er grunnlaget for skatteberekninga. Taksten skal gjenspegle marknadsverdien slik det står i Byskattelova § 5:

”Ved takseringen ansættes eiendommens takstverdi til det beløp, som eiendommen efter sin beskaffenhet, anvendelighet og beliggenhet antages at kunde avhændes for under sedvanlige omsætningsforhold ved frit salg.”

Skattesatsen kan setjast til mellom to og sju promille av eigedomstaksten. Du finn skattegrunnlaget på fakturaen du får tilsendt frå Flora kommune.

Skattetaksten har ikkje noko med likningstaksten å gjere!
Taksten kan berre nyttast til berekning av eigedomsskatt. Likningsmyndigheitene har ikkje heimel til å bruke denne taksten ved fastsetjing av inntekts- og formueskatt til stat eller kommune.

Nye bustader er fritatt for eigedomsskatt i tre år.

Nyttige lenker:
Lov 1975-06-06 nr. 29: Lov om eigedomsskatt til kommunane