Ytteroyane

Elektronisk sjukemelding

Dersom ein får sjukmelding frå lege etter 15/1 2018, skal den være digital. For å kunne behandle sjukmeldinga digitalt, må du ha BankID eller BankID på mobil.

  1. Hjå legen
    Du må sei ifrå til legen om du jobbar fleire stader.
    Det må skrivast ei sjukemelding for kvar arbeidsplass (t.d: ein for Florø barneskole, ein for Florø
    barneskole SFO eller ein for Flora omsorgssenter og ein for Flora kommune Krokane heimeteneste).
    Har du ein timelønsstilling - i tillegg til fastlønsstilling må ein og få sjukmelding for desse
    stillingane.
    Dersom sjukmeldinga gjeld behandlingsdagar, reisetilskot må du fortsatt be om sjukmelding på
    papir. ( sjukehus, spesialisthelsetenesta, kiropraktor m.v nyttar førebels berre papirsjukmelding)
  2. Kontroll av sjukmeldinga
    Du får tilsendt ei melding på SMS eller e-post frå NAV.
    Der står det at du må logge inn på Ditt NAV eller følge lenka som står i meldinga.
    https://www.nav.no/no/Person
    Her får du opplysningar du må bekrefte (eller ev. endre)
    - Arbeidsgjevar
    - Sjukmeldingsperiode (er perioden feil, må du kontakte legen for å endre den)
    - Sjukmeldingsgrad (er sjukmeldingsgrad feil, må du kontakte legen for å endre den
    Sjå https://www.nav.no/no/film/digisyfo/send-sykmelding-til-arbeidsgiveren
    (Hvis du svarar på SMS/epost blir sjukemeldinga behandla digitalt. Dersom du ikkje svarar på SMS
    må du levere sjukmeldinga på papir tenesteveg.)
    Du skal framleis melde frå til leiar første dag om at du er borte frå arbeidet grunna sjukdom. Tett kontakt med leiar og arbeidsstaden er framleis svært viktig.
  3. Søknad om sjukepengar
    Dette punktet MÅ utførast for å ha rett til sjukepengar/lønn under sjukefråvær.
    Du får tilsendt ei melding på SMS eller e-post frå NAV på slutten av sjukmeldingsperioden eller ved
    månadsslutt. Der står det at du må logge inn på Ditt NAV eller følge lenka som står i meldinga.
    Her må du svare på spørsmåla for at sjukepengane skal bereknast riktig:
    - Opplysningar om ev. eigenmelding i forkant av sjukmelding (inntil 16 dagar tilbake i tid)
    - Om du starta å jobbe før sjukmeldingsperioden var ferdig
    - Om du har vært student i løpet av sjukmeldingsperioden
    - Om du har avvika ferie eller permisjon i sjukmeldingsperioden
    - Om du har vært i utlandet i sjukmeldingsperioden
    - Om du har jobba (ev. kor mykje) i sjukmeldingsperioden
    -> Husk å trykk <Send> før du avsluttar!

For spørsmål kan du kontakte næraste leiar.

Meir informasjon