Båtar i havnebassenget

Endra køyremønster i Nybøvegen

Flora kommune skal legge nye vatn- og avløpsleidningar langs Nybøvegen. Nybøvegen blir einvegskøyrt frå sør mot nord mellom kryssa Nybøvegen/Krokavegen og Nybøvegen/Bjørkumvegen i perioden 11. juni – 21. oktober 2018. Fortauet er ope for gåande og syklande.
 
Følg med på skilting, køyremønster kan bli endra undervegs i anleggsperioden.
 
Ansvarleg entreprenør: Audun Ramsdal AS. Kontaktperson: Tommy Sæterlid tlf. 95296052.
 
Kontaktperson i Flora kommune: Joakim Nordvik, tlf. 99265607.