Seglbåt med jente

Endra rute for Bybuss1 i samband med vegarbeid

På grunn av vegarbeid i Nybøvegen vil Bybuss1 gå i endra trasé frå torsdag 25. oktober.

Bussen vil gå i normal rute frå Brandsøy til Solheim Verpevika. Der vil bussen gå over Torvmyrane og Botnaholten, før den går i normal trase frå Solbakken.

Endringa fører til at bussen ikkje stoppar på haldeplassane:

  • Solheim Krokane, Krokane Gard, Florø Rorbu, Nygård og Ragnarrud.

Passasjerar som reiser frå haldeplassane Nygård og Ragnarrud må gå til Krokane eller Kanalen.

Arbeidet er venta å vare i tre veker.

Kringom beklagar ulempene dette fører til.