Båtar på hamna

Endring reguleringsplan for Breivika småbåthamn

Mote[1].gifEventuelle merknader/innspel skal sendast til:

Flora kommune, Plan og samfunn
Markegata 51
6900 FLORØ       eller til postmottak@flora.kommune.no

innan 22.01.2014


ENDRING AV PRIVAT DETALJREGULERINGSPLAN FOR BREIVIKA SMÅBÅTHAMN. PLANID: 20010106
Plan og miljøutvalet har i sak 048/13 godkjent at framlegg til endring av detaljregulerings-planen for Breivika småbåthamn vert utlagt til offentleg ettersyn etter Plan- og bygningslova.
Etter skader hamna har vore utsett for etter kraftige stormar og uver dei siste åra, er det planlagt fylling mellom "moloøya" og stranda i nordre del av anlegget, og etablering av bølgjevern med forlenging av den søre hovudmoloen. Omfanget av planendring og skjermingstiltak går fram av forslag til plankart og føresegner datert 28.08.2013

Føresegner - endring
Planomtale med ROS
Plankart - endring
Vedtak

Planframlegget er tilgjengeleg for offentleg gjennomsyn på Informasjon- og Service ( Tenestetorget ), Samfunnshuset og på Flora kommune sine internettsider
i tidsrommet 11.12.2013 til 22.01.2014.
Eventuelle merknader/innspel skal sendast til Flora kommune, Plan og Samfunn, Markegata 51, 6900 FLORØ