hamnebasseng langt

Endringar i renovasjonsordninga frå nyttår

Frå 01.01.2020 vil renovasjonsselskapet Nomil ta over handteringa av avfall for heile Kinn kommune. Dette inneber nokre endringar for deg som bur i Flora i dag.

Det vert ikkje store endringar i renovasjonsordninga, men noko nytt blir det likevel:

  • Tømmefrekvensen til restavfallsdunkane vert redusert til kvar 4. veke. God sortering hos abonnentane er med på å sikre plass til avfallet i dunkane. Tømmekalender for Flora-delen av Kinn vil vere klar i veke 50, og vert sendt ut som reklame.
  • Nomil vil i løpet av 2020 innføre dunkrenovasjon for glas- og metallemballasje.
  • Nomil planlegg etablering av ein gjenbruksstasjon i Purkehola - meir informasjon vil kome.
  • Det vert innført nokre endringar for øyane i regionen - dette vil kome på plass.
  • Avfallsposar kan du hente på Informasjon og service som før.
  • Endring av abonnement kan du gjere på Nomil sine heimesider

Dersom du har reservert deg mot reklame vil du ikkje få tømmekalender i posten. Dette kan du frå 01.01.2020 hente på Informasjon og service, eller sjå på Nomil sine heimesider.

Tømmekalender (klar frå veke 50) og meir informasjon om ordninga finn du på Nomil sine heimesider.