Ytteroyane

Ergoterapi

Ergoterapeuten arbeider med menneske som har, eller står i fare for å få, vanskar med å meistre daglege gjeremål.
Ergoterapeutane vert også brukte som konsulentar i høve byggjesaker. I tillegg underviser dei i lag med dei kommunale fysioterapeutane og andre fagpersonar i ergonomi og motorikk.

Når daglege gjeremål ikkje lenger er ei sjølvfølge, kan ergoterapeuten bidra med:

  • Kartlegging av brukar sin situasjon
  • Trening i daglege aktivitetar
  • Tilpassing av bustad og miljø
  • Kompensering av tapt funksjon, til dømes ved bruk av tekniske hjelpemiddel
  • Rettleiing og informasjon
  • Tett samarbeid med andre faggrupper generelt, og spesielt i høve rehabiliteringspasientar
  • Tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemidler

Vilkår for å få tenesta
Kommunehelsetenestelova
Helsepersonelllova 
Pasientrettighetslova
Lov om psykisk helsevern
Spesialisthelsetenestelova 

I samråd med med søkjar/pårørande kan søknaden/tilvisinga også sendast via lege, omsorg, barnehage, skule, PPT, sosialkontor, arbeidsmarknadsetat, sjukehus o.a.
Søknaden vert handsama internt i avdelinga.

Brukar vil bli kontakta ved oppstart av tilbodet og vil få tilbakemelding om kva omfang på tilbodet han/ho kan vente seg. Endring av dette skal skje i samråd med tilvisande instans, og i direkte dialog med brukar.

Klage på tilbod kan sendast til tenesteleiar eller Helsetilsynet.