hamnebasseng langt

Etikkveka i Florø - september 2019

Flora kommune v/ omsorgstenesta arrangerer etikkveke frå 2. - 6. september. Dette er med bakgrunn av at omsorgstenesta fekk KS sin nasjonale etikkpris i 2018.

Etikkprisen 2018 vart delt ut i desember av eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen og styreleiar i KS, Gunn Marit Helgesen. Flora kommune fekk kr. 100 000  i premie. 
Etisk refleksjon er ein naturleg del av omsorg på alle nivå. Systematisk etisk refleksjon styrker omsorg sitt fag- og kvalitetsarbeid i Flora.

No vil vi feire og markere prisen i lag med innbyggjarane i Flora og Vågsøy. Dette vil skje med ulike opne arrangement i løpet av veka. Det vert opning på Brandsøyåsen og interne kurs. Onsdag 4. september er det verdikafè, eit fellessarrangement med Flora folkebibliotek. Her er tema "Når helsepersonell krenkar pasient og pårørande"av professor Per Nortvedt. 

Torsdag 5. september er det eigen konferanse på Flora a samfunnshus om tema etikk, verdiar, vertskapsrolle og kommunikasjon. Foredragshaldar: Per Nortvedt, Marit Torkelson og Erling Nydal. 

Fredag markerer vi Furuhaugane omsorgssenter 35 år med foredrag, reopning av kunst og servering.

Meir informasjon om veka kjem.