Ytteroyane

Europeisk mobilitetsuke startar i dag!

Program, Europeisk mobilitetsuke
Program - Europeisk mobilitetsuke 2016

I år fokuserer Europeisk mobilitetsuke på at det lønnar seg å reise miljøvennleg både for deg sjølv og for samfunnet! 

Program og tiltak i Flora

Frå 16. - 22. september kan du reise gratis med sykkel på båtane til og frå øyane. Vi held også Instagram konkurranse der vi kårar vinnaren av beste bilde torsdag 22. september! Følg @sykkelbyenfloro på Instagram, knips eit bilde og merk det med #emflorø for å delta!

Det vert ein kjempefin premie til vinnaren! 

Sjå programmet anten i bilde til høgre eller last det ned i lenka under!

Smart å reise miljøvennleg

Miljøvennlege reiser gjer godt for lommeboka di, lufta du pustar inn og kroppen din. Kor mykje kan du for eksempel spare på å sykle til jobb nokre dagar i veka i staden for å køyre? Viss du nyttar aktiv transport, som gåing og sykling, er du dessutan meir produktiv på jobb og får færre sykedagar og brukar mindre tid på legekontoret. Born som går eller syklar gjer det også betre på skulen!

Bra for nærmiljøet

Miljøvennlege reiser er også bra for nærmiljøet. Det du sparar kan brukast til å skape positiv vekst i lokalsamfunnet. I Flora er det attraktivt å sykle og gå, og det aukar handelen i dei lokale butikkane. I København handlar syklistane for meir enn bilistane, og til saman kjøper reisande med miljøvennleg transport varer for dobbelt så mykje!