Faktura frå Kinn kommune

No vil du få faktura frå Kinn kommune digitalt.

Det er du sjølv som bestemmer på kva måte du vil motta faktura frå Kinn kommune. Før vi sender fakturaen vert det gjort eit automatisk søk mot dei ulike forsendingskanalane i ei prioritert rekkefølge, og fakturaen sendast i den øvst rangerte kanalen du har valt.

Rekkefølga er som følgjer:

  1. Avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps Regning
  4. Digital postkasse innbygger
  5. Vedlegg i e-post
  6. Blankett/Papir

Brevgiro

Dei nye fakturaene kan ikkje brukast til betaling via brevgiro. Betaler du via brevgiro, må du bruke ein tom bankgiroblankett, fylle ut naudsynt informasjon som du finn på dei tilsendte fakturaene og deretter bruke den utfylte bankgiroblanketten til betaling via brevgiro. Slike tomme bankgiroblanketter får du i din lokale bank.

Avtalegiro

Avtalegiro er automatisk betaling. Den fungerer som tidlegare, du opprettar eller avsluttar avtala gjennom banken din. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil være å opprette AvtaleGiro.

eFaktura
eFaktura er eit godt alternativ til AvtaleGiro. Vi anbefaler alle våre kundar å opprette eFakturaavtale i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram. Den er også ferdig utfylt, slik at du slepp å taste kontonummer, KID og beløp, og at den må godkjennast før betaling.

Faktura via Vipps, Digipost/eBoks eller e-post

Dersom du er vant med å få fakturaen din i postkassa, vil du no få fakturaen som Vippsfaktura, digital faktura i Digipost eller eBoks, eller på e-post.

Bruker du ikkje nokon av desse digitale løysingane, vil du fortsatt motta faktura i papir, som før.

Faktura som sendast til forretningsførar/andre enn deg sjølv

Har du i dag ein forretningsførar som mottar faktura på vegne av deg eller ein annan mottakar, vil dei nye distribusjonsformene (Vipps, Digital postkasse innbyggar) overstyre dersom kunden er registrert med personnummer. Då sendast faktura til kunden istadenfor "annen mottakar". Vi anbefaler difor dei som har "annen mottakar" til å ikkje inngå avtale om Vipps eller Digital postkasse.

19. desember 2019 Henrik Ulriksen