Båtar på hamna

Fastlegeordninga

fastlege

Fastlegeordninga er ein ny og betre måte å organisere legetenesta på. Ordninga gir deg rett til å få ein allmennpraktiserande lege som fastlege. Alle fastlegar får ei liste med innbyggjarar. Dei som står på den lista har førsterett til å få time.

Flora kommune har fastlegeordning, og har per dags dato til saman elleve fastlegar.

På NAV sine nettsider, MinFastlege kan du:

  • Finne ut kven du har som fastlege i dag.
  • Bytte fastlege.
  • Melde deg inn eller ut av fastlegeordninga.
  • Finne fastlegen til dine barn under 16 år som bur på same adresse som deg.
  • Bytte for barna eller melde dei inn/ut av ordninga.

Eller du kan ta kontakt med fastlegekontoret på telefonnummer 81 05 95 00.

Meir informasjon om fastlegeordninga finn du her.