Fiskereglar i vassdraget Osen - Vestre Hyen

Fylkesmannen gir dispensasjon frå §§ 4-6 i forskrift om fiske i og utanfor vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane slik at det kan fiskast etter innlandsfisk heile året frå
Sagfossen kraftstasjon og ned til 100 meter over utløpet av Endestadvatnet i vassdraget Osen Vestre Hyen i 2019. Vedtaket er gjeve med heimel § 10 i forskrift om fiske i og utanfor
vassdrag med anadrome laksefisk, Sogn og Fjordane.

Vilkår:

  1. All laks og sjøaure som vert fanga når det er ope for fiske etter laks og sjøaure skal rapporterast til elveeigarlaget.
  2. Laks og sjøaure som vert fanga i den tida det ikkje er ope for slikt fiske, eller med ulovleg reiskap, skal registrerast og rapporterast til Fylkesmannen etter avslutta sesong. Det gjeld både avliva og gjenutsett fisk.
  3. Når det ikkje er opna for fiske etter laks eller sjøaure, skal desse artane settast skånsamt ut att dersom dei ikkje er skada.
  4. De må ha ei lokal ordning for å ta i mot skadd laks og sjøaure som er fanga utanfor sesong eller med ulovleg reiskap.

 

18. juni 2019 Henrik Ulriksen