Seglbåt med jente

Fleirfagleg blikk i Florabarnehagen

Tilsette i tre barnehagar i Flora kommune og i tenesta Barn og unge, PPT og Helse, deltok i pilotprosjektet «Fleirfagleg blikk i Florabarnehagen» i  perioden 2015 -2018. Målet med prosjektet var «ved utgangen av prosjektet skal det vere etablert gode samarbeidsrutinar og samordningstiltak melom dei ulike tenestene som har ansvar for barn i barnehagealder, som sikrar barn rett hjelp tidleg». Evalueringar av pilotprosjektet viste gode resultat. Det vart bestemt at modellen pilotbarnehagane prøvde ut, skal vere innført i alle barnehagane i Flora kommune i løpet av 2020.

På bakgrunn av eigne erfaringar og inspirasjon frå andre kommunar som arbeider etter same modell, har vi utarbeidd «Handbok for fleirfagleg blikk i Florabarnehagen – ein må ha fleire blikk for å danne eit godt blikk».

Første del av handboka skildrar bakgrunn, mål, organisering og gjennomføring av modellen. Andre del er resurssbank med informasjon til foreldre og malar for aktivtetar modellen utløyser. Desse to delane står fast. Tredje del av handboka er vedlegg som vert oppdatert, justert og supplert etter behov.
Vi rettar stor takk til professor Øyvind Kvello ved NTNU i Trondheim som er opphavsmann til modellen og som har vore vår inspirator og rettleiar gjennom heile pilotprosjektet. Han vil òg følgje oss vidare på vegen.