Båtar på hamna

Flora bygg og eigedom

Frå 1.januar 2010 vart Flora bygg og eigedom (FBE) oppretta som ei eiga teneste i kommunen. Tenesta er delt inn i tre avdelingar og har 34 årsverk. FBE har ansvaret for vedlikehald, bustadsoppfølging, teknisk drift, utvikling, reinhald, samt eigedoms- og arealforvaltning av kommunen sine formålsbygg og bustadar. Flora bygg og eigedom forvaltar 37 formålsbygg og 223 utleigebustadar. Målsettinga for tenesta er å gi brukarane gode og effektive bygg til lågast mogleg kostnad.
 

Avdeling vedlikehald

Har ansvaret for formålsbygga, det vil sei skular, barnehagar, institusjonar, administrasjonsbygg og idrettsbygg. Avdelinga har ansvaret for vedlikehald og teknisk drift av bygningsmassen.

Flora Samfunnshus, Havhesten og bygga til Flora Hamn og Innvandrarsenteret er ikkje med i tenesta sitt ansvarsområde.

Avdeling reinhald

Avdeling for reinhald med 36 tilsette fordelt på 23 årsverk har ansvaret for reinhaldet i dei fleste av kommunens formålsbygg, med unntak av Havhesten, Samfunnshuset og Omsorgssenteret.

Flora Kommune har innført miljøreinhald, det vil sei at reinhaldet vert gjort utan bruk kjemikaliar. I staden for kjemikaliar brukar ein klutar og moppar med spesielle mikrofibrar som trekk til seg tørre partiklar og sørgjar for å redusere svevestøvmengda i lokala.
 

 Avdeling bustad

Avdeling bustad disponerer 30 bustadar i Eikefjord og 193 bustadar i Florø som i hovudsak vert leigd ut til omsorgstrengande, flyktningar og sosialt vanskelegstilte. Som huseigar har vi ansvaret for alle praktiske tilhøve knytt til eigedommen, med unntak av tildeling av bustadar. Avdelinga har òg ansvaret for å følgje opp behovet for bustadar, og sette i verk bygging eller kjøp, samt å syte for rett utforming av bustadane til rett målgruppe.

 Har du behov for bustad så ta kontakt med:

(klikk på den aktuelle tenesta for kontaktinformasjon)