Seglbåt med jente

Flora er nominert til årets UKM-kommune

Totalt ni kommunar er nominert i 2013, blant desse er Flora kommune. UKM Norge vil dele ut prisen "årets UKM kommune" til to kommunar som har hatt særleg satsing på UKM i 2012. Dette vil skje under årets UKM-Festival som heldast 24.-27. juni i Larvik. I følgje UKM Norge er føremålet med prisen å motivere landets kommunar til auka satsing på barne- og ungdomskultur.

Etter kåringa kan to kommunar pryde seg med tittelen "Årets UKM-kommune 2012", og motta eit diplom og ein sum på 10.000,- kr frå UKM Norge.

For meir informasjon sjå denne pressemeldinga frå UKM Norge.