Skulestart Florø barneskole

Samsøk - Flora før og no

SamsDu kan gå inn på fylkesarkivet sine nettbasar for å finne lokalhistorisk stoff frå Flora kommune.

Store mengder data og tenester innan ABM-sektoren - arkiv, bibliotek og museum - ligg samla på Kulturnett.

Sogn og Fjordane har vore tidleg ute når det gjeld innsamling og registrering av lokalhistoriske data. Det meste av det innsamla materialet er seinare digitalisert, og er dermed tilgjengeleg i databasar og på Internett. Dette er bakgrunnen for at vårt fylke er valt til prøveregion for nettbasert kultur- og kunnskapsformidling. I eit treåring prosjekt, frå 2005 – 2007, skal vi gå nye vegar for å nå ut med den store mengda informasjon som finst i databasar og på nettsider innan ABM-sektoren i fylket.

Stadnamn, foto, intervju, musikkopptak, amerikabrev, kyrkjebøker og folketeljingar ligg i fylkesarkivet sine basar. Møtebøker frå kommunane er registrerte og vert etter kvart tilgjengelege i full tekst på nettet. Du kan ”bla i” handskrivne møtereferat frå formannskapet heilt tilbake til 1837.