Skulestart Florø barneskole
Organisasjonslogoen til MOT

Flora inngår ny MOT-avtale

Bystyret har vedteke at MOT-prosjektet skal vidareførast i Flora kommune, og torsdag 19.mai underteikna ordførar og rådmann den nye avtalen i lag med leiaren for MOT, Atle Vårvik

Flora har vore med i MOT-prosjektet sidan 2003, etter at Ungdommens Bystyre tok initiativ til at kommune skulle vere med.

Det har vore gjennomført MOT-arbeid og opplæring i alle ungdomsskuleklassar, fram til 2009/2010. Siste året har arbeidet lege nede fordi det har vore for få informatørar, men no står 3 nye informatørar for tur til å bli opplærde, og frå hausten startar prosjektet oppatt. Imformatørane gjennomfører programmet i ungdomsskulane med fleire møte med elevane og foreldra gjennom året.

MOT kallar seg no "lokalsamfunn med MOT", og i det ligg det at heile lokalsamfunnet i sterkare grad er med i MOT-arbeidet. Det kan skje i ulike organisasjonar, t.d. er mange idrettslag aktive. I tillegg er det eit mål å få med vidaregåande skular og gjere t.d. næringslivet aktive i prosjektet. Ungdomsskuleelevar skal opplærast til å bli "Ungdommar med MOT", som skal gjennomføre MOT-opplæring 7.klasse i barneskulane. MOT-arbeidet gjev gode resultat i haldningsskapande arbeid, og tilbakemeldingane frå skulane og politiet, er veldig positive. MOT-prosjektet får ungdom som viser mot, er gode forbilde og er med og skapar trygge ungdomsmiljø.

Les meir om MOT

Lokal leiar for MOT-prosjektet er Edvin Helgheim, edvin.helgheim@flora.kommune.no.