Ytteroyane

Flora kommune lanserer ny kartportal!

Flora kommune ligg blant toppen i fylket på digitale kart og planregister, vi lanserer no ein ny kartportal!

ny kartportal.jpgDet er Norkart som leverer kartportalen, og avdeling for kart og oppmåling som har utarbeida den. Det nye kartet er ein vidareutvikling av det førre, som er tufta på mangeårig iherdig innsats frå avdeling Plan og samfunn v/ kart og oppmåling.


- Vi må inn i den moderne verden, seier Anne Berge Bjørnseth, som er fagleiar på avdelinga for kart og oppmåling. Ein kan finne all informasjon som tidlegare, men no er det ein annan måte å navigere på. Det er veldig likt google maps og andre kjende kartsystem. Vi må møte dei forventningar folk har til teknologiske nyvinningar.

Du kan besøke den nye kartportalen her.

Vi ønskjer også innspel frå publikum på forbetringsmoglegheiter, du kan då sende oss ein e-post på postmottak@flora.kommune.no.

App for kommunekart

Vi minnar også om vår kart-app som er tilgjengeleg for iOS og Android. Appen finn du anten på Google Play eller App Store.

Les meir om kommunekart appen her.