Ytterøyane fyr

Flora kommune med overskot på fem millionar i 2016

Flora kommune går ut med eit overskot på 4.996.679 kroner for 2016. Då har vi også satt av 4,5 millionar til bufferfondet som no er komen opp i vel 12 millionar kroner. Bystyret avgjer korleis resultatet i år skal disponerast.

Eg vil spesielt rose tenestene for i ein utfordrande driftssituasjon å ha vist slik budsjettdisiplin. Rett nok går tenestene med eit samla meirforbruk, men dei fleste viser gode resultat.

Overskotet kjem også av auka inntekter. Skatt og rammetilskot og auka meirinntekt på konsesjonskrafta er døme på det. Det låge rentenivået har også vore med å påverke resultatet på ein positiv måte.

Formannskapet vil bli orientert meir om resultatet førstkomande tysdag.