Ytteroyane

Flora kommune sine nettsider på landstoppen

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) arbeidar for å auke kvaliteten på kommunale og statlege nettstader. Ein viktig del av dette arbeidet er den årlege kvalitetsvurderinga av rundt 700 statlege og kommunale nettstader.

Ut av 446 kommunale og fylkeskommunale nettstader var det 22 kommunar som fekk full score.

I år vart Flora kommune blant toppane i kommune-Noreg med seks stjerner. Leiar for Informasjon og service, Møyfrid Ellingsund, seier det har vore ein strålande innsats frå både tilsette og portalleverandør Custom Publish for å nå dette målet.

- Vi har jobba iherdig mot dette resultatet. Vi har fått stadfesta at vi har eit særs godt tilbod ovanfor innbyggarane på nett, men det er og godt å vite at vi har gjort ein god jobb. No må vi berre halde fram og fortsette med denne utviklinga. Vi har allereie peikt ut ting vi kan utbetre og jobbe vidare med.

Difi sine kvalitetskriterier kan endre seg frå år til år. Dette betyr ei stadig utvikling mot gode løysingar og tilbod som vil løfte dei tenestene ein kan tilby på nett.

Les resultatet av Difi si kvalitetsvurdering her