Ytteroyane

Flora kommune søkjer arkivleiar

Arkivtenesta i Flora kommune står stadig ovafor nye og spennande utfordringar. Vi har ansvar for kommunen sitt elektroniske sak-/arkivsystem, dokumenthandtering og arkiv. Effektiv informasjonsforvaltning og digitalisering er viktig, og i dette arbeidet har arkivtenesta ei sentral rolle. Vi søkjer no etter ny arkivleiar for Flora kommune. Stillinga er plassert i stab Informasjon og service, som er organisatorisk plassert direkte under rådmannen.

Arbeidsoppgåver:

  • Ansvar for kommunen sine arkiv og den daglege drifta av arkivtenesta.
  • Systemansvar for kommunen sitt elektroniske sak-/arkivsystem med tilleggsmodular (Acos WebSak).
  • Ansvar for arkivfagleg/strategisk utvikling og kvalitetsikring.

Vi søker deg som:

  • har relevant høgare utdanning, gjerne arkivakademiet eller annan arkivutdanning frå høgskule.
  • har god it-kompetanse, og kjennskap til digitale prosessar.
  • har erfaring frå elektronisk sak-/arkivsystem.
  • er løysingsorientert, og er opptatt av utvikling.
  • er sjølvstendig, engasjert og positiv.
  • har stor arbeidskapasitet og trivs med høgt tempo.

Relevant praksis og leiarerfaring kan kompensere for manglande høgare utdanning. Personlege eigenskapar vil bli sterkt vektlagt.  

Vi tilbyr:

  • interessante og spennande arbeidsoppgåver.
  • hyggeleg og godt arbeidsmiljø.
  • lønn etter kvalifikasjonar/avtale.
  • god, offentleg tenestepensjon.

Andre opplysingar:

Det er 6 månaders prøvetid i stillinga.

Tilsetjing skjer i samsvar med lov og avtalar som gjeld for Flora kommune.

Flora kommune er ei IA-bedrift og ønskjer mangfald. Vi oppfordrar alle kvalifiserte personar til å søkje jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting, etnisk eller nasjonal bakgrunn.

Kontaktpersonar: Informasjonsleiar Møyfrid Ellingsund, tlf. 41534934 eller arkivleiar Ann-Kristin Gaare tlf. 41200591.

Elektronisk søknadsskjema. Utvida søknadsfrist: 11. januar 2017.