Seglbåt med jente

Flora kommune vinnar av årets klimapris

Klimapris nov 2018 Jan Henrik Nygård og Anders Espeset
Varaordførar Jan Henrik Nygård og plansjef Anders Espeset tar i mot prisen på vegne av kommunen.

Flora kommune vann årets klimapris på Zero-konferansen i går 07. november. Plansjef Anders Espeset og varaordførar Jan Henrik Nygård tok i mot prisen på vegne av kommunen.

- Som initiativtakar til prosjektet var det særdeles hyggeleg å få prisen, og ein stadfesting på at vi er på rett veg, seier Jan Henrik Nygård.

Det har vore lagt vekt på godt samarbeid mellom kommune, fylke, lokalt næringsliv og verkemiddelapparatet. - No må vi ta dette vidare mot realisering, noko som vil vere viktig for Sogn og Fjordane, og eit viktig bidrag i den globale klimakampen avsluttar varaordføraren med.