hamnebasseng langt
Logo Trivselsleder-programmet

Floraskulane med trivselsprogram

Fleire skular i Flora kommune vil frå hausten 2011 starte opp Trivselsprogrammet

Trivselsleiar TLer eit program for auka aktivitet og auka trivsel i friminutta.
Programmet er elevdrive, kor elevvalgte trivselsleiarar frå 4.-10. steg, tilbyr ei rekke leike- og aktivitetsstasjonar i ”storefri”. I tillegg til å auke aktivitetsnivået, skal dei valgte trivselsleiarane arbeide for å inkludere alle elevane i leiken, slik at ingen går aleine. TL er ikkje eit antimobbeprogram, men ein veit ut ifra undersøkingar, at spennande aktivitetar i friminutta kan vere med å førebygge mobbing.
Trivselsleiarane vert kursa i aktivitets- og trivselsleiing. Desse leikekursa vert arrangert to gonger i året i regi av kommunen og trivselsleiarprogrammet.  På skulen har ein tilsett tilsyn med trivselsleiarane i friminutta. Skulen har i tillegg ein øverst TL-ansvarleg (ein i skulen si leiing eller lærar), samt ein kommunal TL-koordinator. Trivselsprogrammet har òg eit sentralt trivselsteam som bidreg med støtte og oppfølging.
Les meir om trivselsprogrammet her: http://www.trivselsleder.no/index.aspx