hamnebasseng langt

Florø Vassverk - avstenging av hovudvassleidning

Tirsdag 20.12.11 kl 23.00 til onsdag 21.12.2011 kl. 08.00

I samband med tilkoplingsarbeid på hovudvassleidningen på Nybømarka må hovudvassleidningen til Florø sentrum avstengast tirsdag 20.12.2011 klokka 23.00 til onsdag 21.12.2011 kl. 08.00. I dette tidsrommet vil vassforsyninga skje frå høgdebassenga og vi oppmodar abonnenten om å redusere forbruket.

Arbeidet kan medføre at vatnet kan verte noko ureint (grumset).
Ved evt. registrering av ureining (grums) i vatnet, bør ein om mogleg unngå tapping av varmtvatn, samt tappe kaldtvatn frå lågaste tappepunkt til ein registrerer reint vatn att.
 
 
 
                                                           Teknisk drift og prosjektleiing