Skulestart Florø barneskole

Førehandsrøysting - Stortings- og Sametingsvalet 2013

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 9.september, kan du førehandsrøyste i den kommunen som høver best for deg.

I Flora kan du førehandsrøyste ved Informasjon og service i Flora samfunnshus frå 12.august til og med 6.september.

Det vert førehandsrøysting på Informasjon og service: 
Måndag – fredag kl. 09.00 – 15.00
Torsdag  22. august og 5. september til kl.18       
Laurdag 31.august  kl. 10.00 – 14.00

Ta med legitimasjon og valkortet du har fått tilsendt når du skal røyste. Ver merksam på at du sjølv er ansvarleg for å røyste så tidleg at røystegjevinga når fram til valstyret i bustadkommunen din innan valdagen.
NB! Du kan røyste sjølv om du ikkje har med deg valkortet.
...................................................................................................................................................................................
Førehandsrøysting på "Røystebåten" M/S Dagning 29. august (til dei øyane der valkrinsen er lagt ned):
09.00 -  10.00 Svanøy
10.15 – 11.15  Askrova
11.30 – 12.30  Rognaldsvåg
12.35 – 13.00  Skorpa
13.20 -  14.20  Batalden
14.30 – 15.30  Barekstad
15.45 – 16.45  Årebrot
Ta med legitimasjon!
...................................................................................................................................................................................
Institusjonar:
Furuhaugane omsorgsenter, 26. august kl. 11.00 - 13.00
Docen (omsorgsbustader), 26 august kl 13.30 - 14.30
Havrenesvegen 28 (omsorgsbustader),  27. august kl. 10.30 - 11.30
Flora vidaregåande skule, 28. august kl. 10.00 - 13.00
Flora omsorgsenter, 30. august kl. 11.00 - 13.00
Dette vert kunngjort med oppslag på institusjonane.

Ambulerande røystemottak:
Dersom du på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan møte opp å røyste der det vert halde førehandsrøysting, kan du søkje valstyret om å få røyste heime.
Du kan ringe til valstyret sin sekretær på telefon 57 75 62 09 eller sende skriftleg søknad til:

Flora kommune
Valstyret
Markegata 51
6900 Florø


Søknaden må være valstyret i hende innan 3.september.