Ytterøyane fyr

Førehandsvarsel om endring av adresser i Flora kommune

Arbeidet med adressendringar jamfør vedteken adresseplan for Flora kommune 03. juni 2014 vert no ferdigstilt, og bustader, fritidsbustader og næringsbygg med matrikkeladresse får vegadresse og husnummer. Dei aktuelle eigedomar som får ny adresse vil bli underretta per brev. 

Flora kommune har brukt adresserettleiaren utarbeidd av Statens kartverk ved val av adressenummer. I nokre høve er det anledning til søke om å få tildelt adressetilleggsnamn. Dette står det om i adresserettleiaren (sjå s.19).

Dokumentet adressenummertildeling fortel meir om kva for prinsipp som ligg til grunn for adresseringa.

Planlagte adresser
I kommunen sin kartportal er det lagt inn ein kartbase som viser planlagte adresser. Huk av i boksen ved "Planlagte adresser" under kartutvalet for å sjå adressenummer for din eigedom. Sjå korleis ein finn fram i rettleiing planlagte adresser.

Kvifor vegadresse?
Offisiell adresse skal brukast til å stadfeste ulike typar bygningar og stader for enkeltpersonar, publikum, offentlege organ, ambulanse og utrykkingsteneste, post- og vareleverandørar, televerk og andre adressebrukarar, og det er difor viktig at dette skjer etter eit einsarta system og ein einsarta praksis. Hovudføremålet er å gjere det lettast mogeleg å finne fram.

Spesielle høve
Dersom adressetildelinga vil få verknad for andre enn dei vi har nådd med dette varselet, ber vi om at vedkomande vert informert.

Uttalerett
Etter matrikkellova § 21 har den som vert råka av adressetildelinga høve til å uttale seg. Uttaleretten er i følgje merknaden til matrikkelforskrifta § 50 7.ledd knytt til kva veg adresseobjektet skal knytast til og eventuelt kva adressenummer objektet skal ha. 

Spørsmål 
Spørsmål rettast til postmottak@flora.kommune.no.

Meir informasjon