Skulestart Florø barneskole

Folkehelse

FriskusFolkehelsearbeid kan definerast som". . . samfunnet sin totale innsats for å opprettholde, betre og fremje folkehelse. I dette ligg betydninga av å styrke verdiar som gjev det enkelte individ og grupper moglegheiter for ansvar, deltaking, solidaritet, meistring og kontroll over eige liv og situasjon".

I St.meld nr. 47 (2008-2009) ”Samhandlingsreforma” er eit viktig mål å auke livskvaliteten og auke satsinga på helsefremjande og førebyggande arbeid. Flora Kommune ynskjer å aktivt bruke Samhandlingsreforma som plattform for oppbygging og styrking av det førebyggande folkehelsearbeidet.

Vi vil ha fokus på tverrfagleg og tverretatleg samarbeid innad i kommunen og utad mot andre kommunar, for å ivareta innbyggjarane sine behov for helsehjelp, og å gjere dette på ein slik måte at det fremjar folk si helse og betrar livskvaliteten. Vi ynskjer å skape gode oppvekstvilkår for born og unge og utvikle ein kommune som legg til rette for sunne levevanar, tryggleik, inkludering og deltaking.

Folkehelsekoordinatoren er tilsett i rådmannen sin stab i kvalitet og utviklingsavdelinga, og skal vere tilretteleggings- og koordineringsinstans for folkehelsearbeid som vert utøvd i oppvekstområder, teknisk-, kultur-, barnehage-, skule- og omsorgssektor, og av frivillige lag og organisasjonar.

Partnarskap for Folkehelse
Flora kommune har inngått partnarskapsavtale med Sogn og Fjordane Fylkeskommune under omgrepet "Vardar for folkehelse". Dette er et prosjekt som vert støtta økonomisk av fylket og er eit nasjonalt, regionalt og kommunalt samarbeid.


Målsettinga er:
- å fremje folkehelse i Flora kommune
- stimulere til eit auka tverrsektorielt samarbeid
- samarbeide med frivillige lag og oranisasjonar, og
- forankre folkehelse i kommunen sine planar og handlingsprogram.


Folkehelserådet
Det skal dannast eit folkehelseråd som skal representere dei ulike etatane i
kommunen og frivillige lag og organisasjonar.
Folkehelserådet skal ta initiativ til nye prosjekt og har ansvar for etablerte prosjekt.
Dei vil òg vere rådgjevarar for personar som ønskjer å setje i gong gode folkehelse tiltak.

 

Kommunale dokument
Rettleiar for universell utforming av uteområder
 

Aktuelle lenker:
Folkehelseinstituttet
Helsedirektoratet
Samhandlingsreforma
 

Lover:
Folkehelselova

Lov om helse- og omsorgstenester i kommunen
Forvaltningslova