hamnebasseng langt

Flora sitt arbeid med kommunereforma i 2016

Kva gjorde vi lokalt:

Flora bystyre vedtok at Flora kommune skulle delta i og utgreie fleire alternativ for samarbeid med andre kommunar. I bystyresak 013/16 den 23. februar 2016, vedtok Flora bystyre at kystalternativet skulle kuttast frå folkerøystinga. Flora kommune hadde difor to alternativ for samanslåing:

1. Ein sunnfjordkommune

Dette alternativet femna om kommunane Askvoll, Fjaler, Flora, Førde, Gaular, Gloppen, Hyllestad, Jølster og Naustdal. Etter innbyggarundersøking som vart gjennomført i perioden 12., - 28. oktober kom det fram at berre 3 prosent av innbyggarane ønskja ein storkommune med 10 kommunar. Og berre 9 prosent ønskja ein «SIS» kommune med dei 5 SIS kommunane.

2. Stå aleine

Bystyret hadde også vedteke at det skulle bli utgreiia kva for konsekvensar det vil ha for kommunen å stå aleine. Dette blei kalla "0" alternativet og blei sett opp mot dei to andre alternativa for å få eit best mogleg besluttningsgrunnlag.

Folkerøysting

Førehandsrøysting var i perioden 14. mars til og med 01. april. Førehandsrøysting gjekk føre seg på følgjande stader:

  • Informasjon og service i opningstida 09:00 - 15:30, mellom 14. mars til 01. april
  • Ambulerande røystebåt, torsdag 31. mars. Tider vart annonsert i media
  • Institusjonsrøysting, tysdag 29. mars og onsdag 30. mars
  • Heimerøysting vart avtalt mellom sekretariat og den einskilde

På valdagen 04. april vart det røysting på valkrinsane:

  • Florø krins: Flora samfunnshus, kl. 09:00 - 20:00
  • Eikefjord krins: Allhuset, kl. 09:00 - 18:00
  • Brandsøy, Norddalsfjord, Storebru, Steinhovden og Stavang krins: 14:00 - 18:00

Innbyggarane fekk høve til å velje mellom to røystesetlar, som du kan sjå her:

Røystesetel, Ja til samanslåing.jpg     Røystesetel, Nei til samanslåing.jpg

Resultat frå folkerøystinga

Det vart totalt 9471 røysteføre i Flora kommune til folkerøystinga om kommunereforma, inkludert 16- og 17-åringar. Det vart totalt 2925 (70,67%) personar som røysta nei til samanslåing, og 1214 (29,33) røyster for ja til samanslåing. Dette vert ein frammøteprosent på 43,7. 

Prosessen vidare etter folkerøystinga

Rådmannen tilråda i bystyresak 040/16 den 26. april 2016 at arbeidet med kommunereforma vert avslutta. Framlegg til vedtak blei vedteke mot 2 røyster.

Andre ressurslenker