Søk om støtte til å erstatte oljefyren din - fyring med fossil olje blir forbode frå 2020

For å redusere klimagassutsleppa har Klima- og miljødepartementet (KLD) og Olje- og energidepartementet (OED) fastsett ei ny forskrift som forbyr fyring med mineralolje (fossil olje) til oppvarming av bygningar frå 01.01.2020. Dersom du har ein oljefyr eller oljekamin og fyrer med fossil olje, må du finne alternativ oppvarming innan 2020. Forskrifta kan du sjå på lovdata sine heimesider.

Søk støtte
Enova kan gje inntil kr. 50.000 i støtte ut 2018 dersom du bytter ut oljefyren med ei varmeløysing som dei støttar. Dersom du har oljekamin kan du få kr. 6000 i støtte dersom du erstattar den med ein reintbrennande vedomn, pelletskamin eller luft til l varmuftepumpe. Støttebeløpet vil bli halvert i 2019 og avvikla heilt frå forbodet trer i kraft 01.01.2020. 

Sjå meir informasjon på nettsida til Enova.

 

20. august 2018 Henrik Ulriksen